VELKOMMEN TIL MVGS 2020 I BERGEN

Velkommen til MVGS i byen mellom dei sju fjell!

MVGS blir i januar 2020 arrangert i Bergen og TIF Viking volleyball ønsker spelera, trenera, foreldre, søsken og alle andre hjertelig velkommen! Vi gleda oss stort til denne begivenheten og ser fram til å få vere ein sentral del av eit av volleyballhøgdepunkta for sesongen 2019-2020.

Turneringa er frå fredags morgon til søndags kveld og den vil bli avholdt i Haukelandshallen. Her er det ni baner der det kan foregå volleyball på høgt nivå, det blir kiosk- og lunsj- område med variert og sunt utvalg som kan mette både spelera, trenera og publikum, samt blir det konkurranser, stream og generelt god stemning. Meir informasjon om lunsjpakker, kiosk etc kjem etter kvart – så følg med!

Bybana blir hovedtransportsformen til denne turneringa og den er genial av fleire årsaker: den går både frå Flesland (for dei som velger å fly) og frå togstasjonen (for dei som velger å toge), og den har stopp ved årets spelarhotell som er Quality Hotell Edvard Grieg. Og ikkje nok med det, den har i tillegg stopp nærme hallen. Altså, kan det blir meir praktisk!? Og apropo praktisk: Banketten laurdag kveld blir arrangert på spelerhotellet og her har vi fått heidundrandes underhaldning. Absence Crew (blant anna vinnerane av «mitt dansecrew», finalister i norske talenter) som er prisvinnande breakecrew med sort belte i underhaldning har funne plass i timeplanen sin til å komme og underholde oss! Det blir intet annet enn historisk bra! Minner om at dette er eit rusfritt arrangement med god mat og kjempesosialt, her er det berre å melde seg på – førstemann eller kvinne til den berømte mølla! Ønsker du meir informasjon om transport, bankett eller hotell finn du dette under.

Ellers oppfordra vi alle til å følge med på Facebook og heimesidene til arrangementet som vil bli oppdatert med nyttig (og sikkert inn i mellom unyttig) informasjon.

Velkommen til vinterens store volleyballeventyr – vi gleda oss!

Volleyballavdelinga i TIF Viking.

#vierviking #MVGS2020

Om du har spørsmål kan du kontakte Bente Siljander, e-post: bente@siljander.no, tlf: 906 16 002.